No er me på plass på Magnetic Island! Da e fantastisk å vera på tur etter gammalt! Elin kom på tysdag morgon forrige veke. Passa veldig fint at eg hadde feira masteren min sundag kveld, og sove nokre timar før ho var på plass kl seks. Så me sov vekk heile dagen, og fekk ENDELEG brukt den flotte grillen min på kvelden.
Dei neste dagane gjekk det i soling, og litt regn. På fredag gjekk me Bondi til Coogie, kjempefin tur, før me avslutta på stranda. Eg blei sjølvsagt skamsolbrent, og etter ein dag med sunblock og full påkledning på stranda var det heilt ok at neste dag vart reisedag.

Her gjekk me tur. Vakkert.

Obligatorisk Operatur..
Då me kom til Townsville fekk me henta den alt for fancy bilen vår, og køyrte til byn for å få i oss noko mat. Onkel var ganske skeptisk til å køyra på feil side, og haldt på å drepa ein syklist. På vår veg traff me to lokale gamlingar som sa at det ikkje var lov å ta med leigebilar til Maggie, så det endte opp med at me parkerte bilen og tok hurtigbåt. No er me veldig spente på om den framleis er der når me kjem tilbake.

Båtturen over..

Utenfor rommet vårt..

Stranda hostellet ligg på.
På hostellet er deg høgt støynivå. Litt som å vera på club. Berre at du sitter inne i senga di og bloggar. For øyeblikket er det Enrique. Onkel dansar heile tida.
Idag har me grilla oss på den tomme stranda, før me for til Koala Sanctuary, samme plass som eg og Malena var. Der vart det mange fine bilder..






Turens første familiebilde. Me e nerds. Og Elin har fått baby.


Krediterer bilete til både Elin og Onkel resten av turen. Me deler. Og så kosar me oss veldig. Så eg har planar om å oppdatera ofta. Og Ja. Sånn innimellom tar me oss ei øl og.
